Arrangement

Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Sunnfjord 040 inviterer til lågterskel tur til Holmesetstølen!

18. juni kl 16:30 - 20:30

Kombinasjonen tur, støl og fjordutsikt blir sjeldan feil, og vi inviterer derfor til ettermiddagstur til Holmesetstølen i Naustdal.

Stølen ligg høgt og fritt, og vi ser innover Førdefjorden til Erdalen, medan Lisjehesten, Storehesten og Heilefjellet reiser seg mot himmelen i sør – her får du mykje utsikt for innsatsen!

Vi har valt å legge turen opp som ein rundtur der vi tar den «korte og lette» ruta opp og går den «lange og bratte» ruta attende for dei som ynskjer det.

Dei som berre vil ha det kort og lett, kan gå same veg tur/retur – denne turen er for alle, uansett form 🙂

Frå Naustdal sentrum, køyrer vi rv 611 langs Førdefjorden og tar av ved eit skilt der det står Øvrebø, og køyrer opp til eit kraftanlegg ved Bunnestølen der vi parkerer.

Herifrå tar turen til stølen ca. 20 min med ein høgdestigning 130 m. Terrenget er noko myrlendt, så gode sko er å tilrå.

På stølen tar vi ein liten rast med sosial prat, så ta gjerne med litt mat/snacks og drikke.

For dei som vil ha ein lenger tur, går vi skogsvegen ned att til fv 611 og følgjer bilvegen opp att til dei parkerte bilane på Bunnestølen. Turen totalt blir då ca. 6 km.

Dei som er fornøgde med den korte ruta, kan gå denne attende til bilen. Samla tid på rundturen: 1,5 – 2 timar.

Oppmøte: Utstillingsplassen i Førde kl 17.30 for samkøyring.

Avgang frå Bunnestølen ca. kl 18 for dei som møter direkte der.

Turleiar: Liv Janne Bell Jonstad, erfaren turleiar, som sjølv seier ho litt i overkant glad i å gå fjelltur 🙂

Meld deg på her.

Detaljer

Dato:
18. juni
Tid
16:30 - 20:30
Arrangement Tags:
, , ,

Sted

Holmesetstølen, Naustdal
Naustdal
Sunnfjord,

Arrangør

Sunnfjord O40
Telefon
98883688
Epost
kathe.arnesen@sunnfjord.no
Vis Arrangør nettside

Detaljer

Dato:
18. juni
Tid
16:30 - 20:30
Arrangement Tags:
, , ,

Sted

Holmesetstølen, Naustdal
Naustdal
Sunnfjord,

Arrangør

Sunnfjord O40
Telefon
98883688
Epost
kathe.arnesen@sunnfjord.no
Vis Arrangør nettside