Arrangement

Laster Arrangementer

« All Events

O40, U40 & Firda presents: USA-valvake på Elvesus 5. november

5. november kl 19:00 - 23:30

Det er eit av tidenes mest omtalte val. 5. november skal det avgjerast om Kamala Harris eller Donald Trump skal styre stormakta USA 🇺🇸🇺🇸

Men korleis påverkar det oss i Norge? Kva er greia med vippestatane?

Dette, og mykje meir, skal vi snakke om på valvake på Elvesus 5. november.

Dørene opnar klokka 19.00, og programmet startar 19.30.

NRK- journalist Håvard Nyhus er konferansier. På scena har han med seg:

· Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet
· Henrik Nordal, evalueringsdirektør i Norec
· Elias Eide, høgrepolitikar, som mellom anna sit på fylkestinget
· Arne Sæterbakken, leiar finans i Sparebanken Sogn og Fjordane

I tillegg leier Firda eit panel med Wiktoria Bujnicka og Emma Berg, som går media- og kommunikasjon på Førde vidaregåande skule, om kva dei synst om valkampen og sosiale medium si rolle.

Og kan ChatGPT vere ein påliteteg politisk kommentator om vi gir tydelege nok rammer? Vi testar live, og svaret får vi 5. november.

Det blir også kviss, musikk og frå klokka 23.00 viser vi NRK si valsending.
Dette vil du ikkje gå glipp av!

Detaljer

Dato:
5. november
Tid
19:00 - 23:30
Arrangement Tags:
, , , , , ,

Sted

Elvesus
Elvevegen 13,
Førde, 6800 Norway
+ Google-kart

Detaljer

Dato:
5. november
Tid
19:00 - 23:30
Arrangement Tags:
, , , , , ,

Sted

Elvesus
Elvevegen 13,
Førde, 6800 Norway
+ Google-kart