Arrangement

Afterwork november

Bartine bar Storehagen 2,Førde,Norway

Velkommen til Afterwork i Bartine bar fredag 17. november frå kl. 16.00! Då er det klart for ENDELEG helg stemning rett etter jobb og eit lite lyspunkt i novembermørkret. Kanskje er det ein fin liten tjuvstart (eller motvekt) til alle juleavslutningane som kjem på rekke og rad snart? Ta med deg ein gjeng og bli […]

JuleAfterwork

Bartine bar Storehagen 2,Førde,Norway

Velkommen til JuleAfterwork i Bartine bar! Fredag 15. desember opnar baren kl. 16.00, og vi ønskjer velkommen til SNART JUL og ENDELEG helg stemning rett etter jobb. Sidan dette blir siste Afterwork før jul skal du ikkje sjå bort ifrå at det blir bittelitt julestemning. Har du til dømes smakt gløggsecco? Eller jule-GT? Vi har enkel […]

Årets O40-julebord: Grilla Jul!

Scandic Hotell Sunnfjord Storehagen 2,Førde,Norge

Klar for å bryte julebordtradisjonane?

Den 15. desember er det tid for O40-julebord. Du får sjølvsagt julemat, men ikkje av den vanlege sorten: Ho er nemleg grilla! Me serverer grilla pinnekjøtt og saftig svineribbe, men med ein vri som vil overraske smakslaukane dine.

Lær deg ChatGPT (rabattert kurspris for O40-medlemmar)

PEAK Sunnfjord Hafstadvegen 23-25,Førde,Norge

Vil du effektivisere arbeidskvardagen? Møt din nye assistent: ChatGPT. Bli med på kurs og lær korleis du kan gjere arbeidsdagen din meir effektiv med kunstig intelligens. Høyrast det vanskeleg og teknisk ut? Det er det heldigvis ikkje! ChatGPT kan spare deg mykje tid, til dømes ved å hjelpe deg med å skrive førsteutkast til referat, […]

Maol & Sup 7. mars

Huldri Galleri i bakgården Naustdalsvegen 5,Førde,Norge

Har du lyst til å lære deg å svinge penselen og samtidig vere sosial? Då bør du melde deg på Maol & Sup på Huldri Galleri saman med oss i Sunnfjord O40. Dette er sosial maleglede med noko attåt! Du treng ikkje kunne noko innan maling og teikning frå før, du treng ikkje eingong å […]

Afterwork 15. mars

Scandic Hotell Sunnfjord Storehagen 2,Førde,Norge

Det er ikkje heilt vår enno, men det gjer ikkje noko – tek du turen til Bartine Bar på Afterwork denne fredagen vert du garantert lys til sinns! Det vert «same procedure as every Afterwork, James» - baren opnar klokka 16.00, det er mat å få kjøpt viss du er sulten sånn rett etter jobb, […]

Afterwork april

Scandic Hotell Sunnfjord Storehagen 2,Førde,Norge

Våren er endeleg her, og kva er vel betre enn å dra nytte av dei lysare kveldane med ein Afterwork på Bartine Bar? Som alltid opnar baren klokka 16.00 så det er berre å sette kursen dit rett frå kontoret! Ta med deg venner og kollegar for ein avslappande start på helga. Alt ligg til […]

Omvisning og vinsmaking på Verftet

Bli med på omvising og vinsmaking på Verftet! Er du interessert i vin og glad i god mat? Bli med på ei smaksrik oppleving med 8 utvalde vinar og ein spennande cider. Du får òg servert eit utval lekre ostar, utvalde skinker og marmeladar som er samansett for å passe til vinane. Kvelden startar med […]

Kræsjkurs i small talk på Pikant mat- og vinhus

Pikant mat- og vinhus Hafstadvegen 31A,Førde,Norge

Velkomen til kræsjkurs i small talk på Pikant mat- og vinhus! Er du klar for å transformere måten du kommuniserer på i sosiale settingar? Ynskjer du å meistre kunsten å small-talke, knyte nye band og kjenne deg tryggare i samtalar med nye menneske? Då er dette kræsjkurset perfekt for deg! Dato: 15. mai 2024 Tid: […]

Afterwork + sommarfest 14. juni

Scandic Hotell Sunnfjord Storehagen 2,Førde,Norge

No som det er juni og sommar, dreg vi på med ein kombinasjon av Afterwork og sommarfest! Denne fredagen har vi kapra nye Laxen terrasse på Scandic-hotellet. Der finn du den framifrå grillkokken Guro bak grillen, og ho diskar opp med deilig grilltallerken. Du kan sjølvsagt også få kjøpt burgar og den vanlege Afterwork-menyen. Det […]

Sunnfjord 040 inviterer til lågterskel tur til Holmesetstølen!

Holmesetstølen, Naustdal Naustdal,Sunnfjord

Kombinasjonen tur, støl og fjordutsikt blir sjeldan feil, og vi inviterer derfor til ettermiddagstur til Holmesetstølen i Naustdal. Stølen ligg høgt og fritt, og vi ser innover Førdefjorden til Erdalen, medan Lisjehesten, Storehesten og Heilefjellet reiser seg mot himmelen i sør - her får du mykje utsikt for innsatsen! Vi har valt å legge turen […]

Haustens første Afterwork 16. august

Bartine bar Storehagen 2,Førde,Norway

Litt trått å kome i gang etter ferien? Då er ein kjekk kveld på Afterwork nett det du treng for å kome skikkeleg i rute igjen. Dra med ein gjeng med gode kollegaer og vener eller kom aleine - her finn du alltid trivelege folk å henge med :) Og viss du blir sulten sidan du […]