Arrangement

Årets O40-julebord: Grilla Jul!

Scandic Hotell Sunnfjord Storehagen 2,Førde,Norge

Klar for å bryte julebordtradisjonane?

Den 15. desember er det tid for O40-julebord. Du får sjølvsagt julemat, men ikkje av den vanlege sorten: Ho er nemleg grilla! Me serverer grilla pinnekjøtt og saftig svineribbe, men med ein vri som vil overraske smakslaukane dine.

Afterwork april

Scandic Hotell Sunnfjord Storehagen 2,Førde,Norge

Våren er endeleg her, og kva er vel betre enn å dra nytte av dei lysare kveldane med ein Afterwork på Bartine Bar? Som alltid opnar baren klokka 16.00 så det er berre å sette kursen dit rett frå kontoret! Ta med deg venner og kollegar for ein avslappande start på helga. Alt ligg til […]

Omvisning og vinsmaking på Verftet

Bli med på omvising og vinsmaking på Verftet! Er du interessert i vin og glad i god mat? Bli med på ei smaksrik oppleving med 8 utvalde vinar og ein spennande cider. Du får òg servert eit utval lekre ostar, utvalde skinker og marmeladar som er samansett for å passe til vinane. Kvelden startar med […]

Kræsjkurs i small talk på Pikant mat- og vinhus

Pikant mat- og vinhus Hafstadvegen 31A,Førde,Norge

Velkomen til kræsjkurs i small talk på Pikant mat- og vinhus! Er du klar for å transformere måten du kommuniserer på i sosiale settingar? Ynskjer du å meistre kunsten å small-talke, knyte nye band og kjenne deg tryggare i samtalar med nye menneske? Då er dette kræsjkurset perfekt for deg! Dato: 15. mai 2024 Tid: […]

Sunnfjord 040 inviterer til lågterskel tur til Holmesetstølen!

Holmesetstølen, Naustdal Naustdal,Sunnfjord

Kombinasjonen tur, støl og fjordutsikt blir sjeldan feil, og vi inviterer derfor til ettermiddagstur til Holmesetstølen i Naustdal. Stølen ligg høgt og fritt, og vi ser innover Førdefjorden til Erdalen, medan Lisjehesten, Storehesten og Heilefjellet reiser seg mot himmelen i sør - her får du mykje utsikt for innsatsen! Vi har valt å legge turen […]