Planlegginga av andre halvår 2023 er i god gang
Litt over halvparten av arbeidsgruppa hadde planleggingsmøte fredag 18. august. Det hagla med gode idéar, og gruppeleiar Kathe hadde si fulle hyre med å notere. No startar jobben med å sortere og velje. Resultatet vil bli presentert for gruppemedlemane så snart det er spikra. Ein ting er heilt sikkert: Det vert kickoff i oktober! Meir info kjem så snart alt er spikra.
Bli medlem og meld deg på nyheitsbrevet, så blir du blant dei første som får vite kva som skal skje. Vi gler oss til å kome i gang. Velkomne alle i førtiåra, femtiåra, sekstiåra og så vidare. Inga øvre aldersgrense.
I tillegg til O40-arrangementa, så kan du alltid dra med deg ein gjeng kollegaer eller vener og bli med på den månadlege AfterWork’en. Her er alle velkomne, uansett om du er U40 eller O40. Sjå kalenderen.
Biletet: Arbeidsmøtet i 18.august, frå venstre: Kathe Arnesen, Arild Finne Nybø, Rune Øksenberg, Anne Mette Hjelle og Anne Karin Steen. Anne Oline Gullaksen var også med på møtet. Foto: Sunnfjord O40.